I ettertid mener sentralstyremedlem i Norsk Målungdom, Fredrik Hope, at det kanskje ikke var nødvendig.
– Det virket som de selv hadde gjort et godt forarbeid.
Utdrag av meldingen hver enkelt fylkestingsrepresentant mottok i forkant:
«Kvensk er eit språk med lange røter i fylket dokkar, med organisasjonar og institusjonar som står på for å gje kvensk språk og kultur betre kår. Trass i at kvensk er i ei truga stilling, mykje på grunn av den harde fornorskingspolitikken som tidlegare vart ført, har dei kvenske språkbrukarane på oppsiktisvekkande kort tid fått til mykje. Sidan kvensk fekk status som nasjonalt minoritetsspråk i 2005 har dei laga eit kvensk skriftspråk, og har mellom anna fått trykt dei fyrste lærebøkene. Når den kvenske grammatikken kjem på norsk over nyttår vert det ein milepåle for språket.
Men dette kjem ikkje av seg sjølv, og dei kvenske organisasjonane og institusjonane har lagt ned mykje hardt arbeid. For å kome vidare – særleg for å la born og unge få lære språket – treng språksamfunnet den støtta dei kan få. Ved å stø innbyggjarinitiativet vil du som fylkestingsrepresentant gje dei noko av denne støtta«.
Halti Kvenkultursenter takker Norsk Målungdom for engasjementet og støtten!